Årsmelding frå friidrettsgruppa

Her finn du årsmeldinga og statistikk frå Friidrettsgruppa

Årsmelding for Friidrettsgruppa

 

Styret

Johnny Solheimsnes (Leiar)

Marianne Slåtten

Ellinor Østenstad

Hallvard Klakegg

Jan Sunde.

 

Møteaktivitet

Det har vore halde 2 styremøter i perioden.  Elles føregår mykje av kontakten via telefon, SMS og e-post.



Om gruppa

Utøvarar:

Tal aktive over 16 år:                         47       

Tal aktive under 16 år:                       247   (derav 208 på løpskarusellane).
 

Trenarar

Siste året har Svein Årdalsbakke, Stian Årdalsbakke, Johnny Solheimsnes, Marianne Slåtten, Vidar Myrhol, Ellinor Østenstad og Siw Falkenstein.

 

Dommarar

Jølster har eit oppegåande dommarkorps som også blir nytta også utanfor kommunen.  Sidan vi ikkje har bane der vi sjølve arrangerer stemner, er det viktig at funksjonærane held oppe kompetansen på den måten.  I år hadde vi t.d. funksjonærar i sving under KM på Byrkjelo.

 

 

 

Aktivitet i gruppa

Treningar

På Skei Skule har vi hatt sirkel-/basistrening kvar måndag kl. 19:00-20.30 mellom haustferien og påske.  Dette har vore for aldersgruppa 13år og oppover.  Her har det vore jamt godt frammøte med opptil 30 stk. på plass.  Ansvarleg var Stian og Svein Årdalsbakke.  Torsdagstreningane for 9- 12 åringar føregår i tidsrommet kl. 18:00-19:30. Siw Falkenstein har teke ansvar for denne treninga.

I haust har det ikkje vore trening for denne gruppa.

På Vassenden har vi hatt eit treningstilbod for 4.-8.klasse.  Treningstidene har vore måndagar 19.00-20.00.  Med ein gjeng på ca 20 stk.  Treningane vore i gymsalen på Vassenden skule fram til i haust, men då flytta vi treningane til Mojo.  På våren og fram til haustferien hadde vi utetreningar i Bjørkelia.  Innkjøp av nye startblokker og hekkar gjorde at vi fekk trent litt på dette før stemner. Trenarteamet består av Marianne Slåtten, Vidar Myrhol og Ellinor Østenstad.

«Gubbetrimmen” har sitt vanlege tilbod.:.  Som vanleg med utandørstrening på Vassenden kvar laurdag kl.17:00.  Frammøtet er jamn bra med ca. 20 stk. på det meste.  I tillegg har ein innandørs-trening kvar måndag i vinterhalvåret på Heimeyrkeskulen.  For dei som satsar mot banesesongen har det vore fellestreningar i Førde 1 gong i veka på våren, en ikkje i haust.  Stort sett veteranar som møter her.

 

Arrangement

Første arrangement om våren var som vanleg løpskarusellen.  I år hadde vi like mange deltakar med som i fjor (208), men færre startar (244 mot 410).  Sjølv med denne tilbakegangen er dette bra!

I år tilbydde vi eit nytt arrangement:  Jølstrakarusellen.  Dette er veg-/terrengløp over 4 runder, arrangert ulike stadar i Jølster.   Eit «lågterskel-tilbod» der vi la opp til å få med dei som ikkje vi ser så ofte delta.  Deltakinga vart ikkje stor, men vi tenker å prøve igjen i 2017, så får vi evaluere dette då.

I sommar vart det dessverre ikkje arrangert noko karusell på bane.

 

Deltakingar

2016 var eit stort år for Jølster på terrengstafettane.  Først ut er som vanleg Oldestafetten.  Jølster stilte i år heile 2 gutelag, i tillegg til jentelag, senior menn og veteran menn.  Siger til alle lag med unntak av jentene som tok ein fin 4.plass!

 

På Breimstafetten stilte vi 4 lag.  I klasse senior menn var Jølster tilbake på topp, etter fjorårets 2.plass.  Gute- og jentelaget vart begge nr.3 ein den tøffe konkurransen, medan superveterane var åleine i klassen og dermed også vann.

For første gong på mange år tok vi i år turen til Vik og Vikjastafetten.  VI stilte gute- og jentelag.  Jentelaget var veldig ungt men klarte ei fin 4.plass, medan gutane tok sigeren i si klasse etter ein spennande og tett duell med Syril. 

Så til den store stafetthendinga i 2016 – Holmenkollstafetten:  I år var vi på plass igjen med seniorlag, og for eit «comeback»:  1. plass i klasse 2 og opprykk til Eliteklassen i 2017!   Det er historisk og knapt så ein kan tru det er sant at «vesle» Jølster no er mellom dei 20 beste klubbane i landet!  I skrivande stund er ein god gjeng i trening for dette.  Vi har ein spennande gjeng med mange unge, og vi gledar oss alt no til den andre laurdagen i mai!

Årets Jølster Maraton var igjen godt besøkt.  336 konkurranseløparar kom seg igjennom dei ulike distansane.  Ein liten nedgang i høve året før, men likevel bra.  Det var veldig dårleg ver før løpsdagen, noko som nok er forklaringa på tilbakegangen.  Sjå elles eigen årsmelding for dette stemnet.

På motbakkeløpa stiller fleire utøvarar frå Jølster.  Mange av desse hevdar seg også særs godt i sine klassar, og spesielt «Stolzekleiven Opp» i Bergen har vorte eit stemne der jølstringane syner igjen.  I år var det Kjell Steinset som gjorde det best med ein suverèn 1.plass i klasse 80-84 og klasserekord med fleire minutt!   Tida var 16.23.  Gyrid Øygard hadde flott framgang og med tida 11.29 vart ho nr.2 i si klasse (15-17).  Oddvin Øygard sin 4.plass i klasse 50-54 med tida 11.22 let seg også høyre.  Til slutt må nemnast Eivind Øygard sin 10. plass i seniorklassa med den sterke tida 8.52, og eit av dei beste frå Sogn og Fjordane nokon gong!

Så til banesesongen

Det er ganske få som deltek, men i år var det nokre fleire med enn siste åra.  Eivind Øygard har hatt nok ein god sesong med sterke resultat frå 1500m og oppover.  Han sikra seg også ein ny lagsrekord i og med at Svein Boge sin 10000m rekord frå 1985 no er historie.  Ein solid 11.plass på haustens terrengløp-NM, syner at han no er etablert seg i norgeseliten. 

Matias Førde er ein annan løpar som satsar hardt.  Han hadde i år ein vanskeleg sesong med mykje sjukdom.  Han fekk difor kun glimtvis synt kva som bur i han.  Vi er spente på 2017-sesongen!   

Gyrid Øygard har hatt ein god sesong, også på bane.  Lagsrekorden på 1500m er no hennar.  Spesielt må nemnast bronsemedaljen ho fekk under terrengløp-NM.  Det er historisk i Jølster-samanheng!

Til slutt er det ein mann som fortener litt ekstra merksemd:  Kjell Steinset.  Han rykte i år opp i klasse 80-84 og fekk ein kjempesesong.  Han «støvsuga» norgesrekordane i klassen og har no 5 utandørs- og 2 innandørs-rekordar!  Han vart også 4-dobbelt nordisk meister i si klasse!

Til slutt skal nemnast at Kjell Navelsaker vart tredobbelt norsk meister tillegg til nordisk meister på 800m.  Johnny Solheimsnes tok også 2 gull i sin klasse.

Anleggstatus

Som nemnt før om åra:  Friidretten i Jølster driv under forholdsvis kummelege tilhøve kva anlegg angår.  Bana på Skei Stadion held ikkje det nivået ein må ha i dag.   Øyaflata på Vassenden er så godt som ubrukeleg for friidrett og det same er Bjørkelia. 

Men, det er «lys i tunnelen»:  Prosjektet med sikte på å legge fast dekke på Skei Stadion, har i år vore jobba godt med.  Med eit solid tilsagn frå Jølster Kommune på 1,1 mill, var mykje gjort.   I lag med tippemidlar og tilskot frå andre, er vi i skrivande stund veldig nær ved å klare dette!  Takk til Jan Sunde og Hallvard Klakegg som har drive prosjektet framover!  Også stor takk til Frivilligheits-sentralen ved Rakel Apneset og Hovudlaget ved leiar for god støtte og hjelp!  Vi har tru på at vi er i gang med anlegget i 2017.

 

Økonomi
Det er overføringane frå Hovudlaget, i lag med treningsavgifter og sponsorinntekter som er gruppa sitt økonomiske fundament.   Økonomien i gruppa er for tida litt anstrengt. 

 

Målsetting for gruppa komande år

  • Etablere eit utandørs treningstilbod for utøvarar frå 13 år og oppover på Skei.  
  • Få opp nye trenarar.
  • Prosjekt «Fast dekke på Skei Stadion» realisert!

 

Avslutning

Sesongen 2016 har vore ein god sesong for friidretten i Jølster.  Opprykket til eliteklassen i Holmenkollstafetten er historisk!   Vi har fleire topp-utøvarar i laget, og vi ser at det er fleire på gang! 

2017 blir på alle måtar eit spennande år!

 

Til slutt vil eg takke alle trenarar, leiarar, funksjonærar og foreldre for jobben i år.

Takk til styret for eit godt samarbeid og ikkje minst til vår sponsor Årdalsbakke Elektro.

 

Vassenden 29.01.2017

Johnny Solheimsnes

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift