Saksliste til årsmøte

Årsmøte vert holdt neste torsdag, 11. februar kl. 19.00 i Borja på Ålhus.

Saksliste til årsmøtet 11. februar 2016

Sak 1 Godkjenne dei som har stemmerett

Sak 2 Godkjenne innkalling, sakliste og møtereglar

Sak 3 Velje dirigent, sekretær og to representantar til å skrive under protokollen

Sak 4 Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna gruppeårsmeldingar

Sak 5 Handsame idrettslaget sin rekneskap

Sak 6 Handsame innkomne forslag og saker

Pause med lett servering. 

Sak 7 Fastsetje medlemskontingent

Sak 8 Vedta Idrettslaget sitt budsjett

Sak 9 Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan

Sak 10 Val

 

Sak 6. Handsaming av saker

Sak 6.1

Søknad om støtte til ny trakkemaskin til lysløypa i Årdalen. Kostnad på trakkemaskina ligg rundt kr 600 000,-.   Maskina blir finansiert med midler frå skiforbundet og arbeidsgruppa har gjort eit stor jobb med å søkje midler frå private.

Hovudstyret støtter dette kjøpet og viser til at dette bidrar til å  auke langrennsaktiviteten i Jølster. Sett i eit folkehelseperspektiv vil dette bidra til å gjere løypene i Årdalen betre tilgjengelege  for at folk i alle aldrer kan glede seg i skispora.

Hovudstyret  føreslår å betale støtte til trakkemaskina på kr 20 000,-

Hovudstyret sitt framlegg til vedtak

 

Sak 6.2

Gjesdalen løypelag søkjer om driftssøtte på kr 25 000,-.

Hovudstyret  føreslår å støtte løypelaget med kr 25 000,-. Og ynskjer med dette å bidra til å halde løypene opne heile vinteren.

Hovudstyret sitt framlegg til vedtak

 

Sak 6.3

Etablering av vektløfterklubb på Vassenden. Der er i dag 18 aktive i vektløfting i dag.

Leiar Evald Sandvik

Hovustyret sitt framlegg til vedtak

 

Sak 6.4

Rehabilitering av Skei Stadion.  Jølster idrettslag har som mål å oppgradere Skei stadion til ein moderne friidrettsstadion. Arbeidsgruppa i friidrettsgruppa ved Halvard Klakegg og Jan Sunde har utarbeid kostnadskalkyle og finansieringsplan på anlegget.

Jølster idrettslag med friidrettsgruppa hadde i desember 2015 møte med Jølster Kommune angåande saka, der det blei avtalt å komme med søknad i januar 2016. Denne blei sendt til Jølster kommune medio januar 2016.

Hovudstyret føreslår å bidra med kr 100 000,- til anlegget.

Hovudstyret sitt framlegg til vedtak

 

Sak 6.5 Lovendring

Viktig informasjon frå Noregs idrettsforbund til alle idrettslag

På Idrettstinget i juni 2015 blei det fatta vedtak som får betydning for alle idrettslag i NIF. Det er mellom anna bestemt at fleire rapporterings- og søknadsfristar for idrettslaga skal samlast, slik at idrettslaga har færre fristar å halde seg til. Dette vil gjere drifta av idrettslaga enklare, og vil innebere at det i 2016 blir nokon nye fristar.

Dei tre viktigaste endringane er:

1: Årsmøtet må haldast innan 31. mars

2: Rapportering av medlemsopplysningar innan 30. april

3: Elektronisk medlemsregister innan 31. desember 2016

Hovudstyret foreslår endring i Idrettslagets lov §§ 3 og 10. Kursiv viser endringane.

§ 3 Medlemer

Alle som aksepterer idrettslaget og overordna idrettsorgan sine lover og vedtekter kan bli tatt opp som medlem. 

Dessutan må alle som er medlem følgje lovene til NIF, andre organisasjonsledd og idrettslaget sine eigne lover og vedtekter.

Ein søkjar kan ikkje bli medlem utan at økonomiske plikter til andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp.

Medlemskap i laget er først gyldig og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt.

Alle idrettslag plikter å føre elektroniske medlemslister i idretten sitt nasjonale medlemsregister i tråd med retningslinjer gitt av Idrettsstyret.

Idrettslaget pliktar å føre ein elektronisk medlemsliste i eit datasystem godkjent av NIF. 

§ 10 Årsmøtet

Idrettslaget sitt øvste organ er årsmøtet som vert halde kvart år innan 31. mars.

Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand,  direkte til medlemene og/eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Alle medlemene i idrettslaget har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.

Lovleg innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer som minst svarar til talet på styremedlemmer. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om lovendring som ikkje er oppført på  utsend/kunngjord sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista. 

Hovudstyret sitt framlegg til vedtak

 

Sak 7 Fastsetje medlemskontingent

Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget, og kjem gruppene til gode gjennom fordeling av midlar frå hovudlaget. Ved førre årsmøtet var medlemskontigenten uendra. Hovudstyret har i år gjort endringar i medlemskontigent grunna endringar i medlemsregistreringa og innbetalingar, noko som vil gj høgre kostnader. Kontigent auker med ca. 6 %. Endringar:

Born under 10: frå 65 til 70

Born under 18/ alderspensjonistar: frå 130 til 140

Vaksne: frå 260 til 280

Familie: frå 520 til 550

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift